Kommunalteknisk VA norm gjeld for alle VA anlegg dvs. både kommunale anlegg og anlegg som blir bygd ut av private aktørar for deretter å bli overtatt av kommunen/VA verksemda i samsvar med §§ 11.9, 17 og 18.1 i Plan og Bygningslova (PBL). Det er med bakgrunn i eigarrådveldet over eigne anlegg kommunen/VA verksemda gir desse reglane for korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast.
Dei lokale bestemmelsane utfyller og kompletterer dei sentrale bestemmelsane i VA-norma. Dersom det er motstrid mellom desse, skal dei lokale bestemmelsane vere gjeldande. VA-anlegg som ikkje er utført i samsvar med krava i VA-norma blir ikkje overtatt av kommunen.
VA norma gjeld også for private fellesanlegg for 4 eller fleire einingar (bueiningar, fritidseiningar), i samsvar med kommunen sine arealvedtekter til kommuneplanen. For næringseiningar er kravet frå første eining.
I tillegg gjeld for private anlegg tilknytt eller som skal knyttast til kommunale anlegg, reglane i Standard Abonnentsvilkår (Administrative bestemmelser og Tekniske bestemmelser) så langt dei ikkje er i strid med denne VA norma jfr. avsnittet ovanfor.
I tillegg gjeld for Ålesund kommune;
Ved usikkerheit om krava skal det takast kontakt med VA-ansvarleg i kommunen. VA-ansvarleg i Ålesund kommune er «Verksemdsleiar for vatn og avløp».
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.