3.0 Generelt

For: Sula Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.0 Generelt

Bygging av VA-anlegg er normalt søknadspliktig i samsvar med Plan og bygningslova, og ansvarlige aktørar skal godkjennast gjennom byggjesaksforskrifta. Anlegg som ikke er uført i samsvar med VA-norma til kommunen og godkjente planar, kan kommunen nekta å overta.

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Lokale bestemmelser

 

Ved utarbeiding av reguleringsplanar på alle plannivå skal det følgje ein overordna VA plan/rammeplan VA.

 

Overordna VA-plan skal bestå av utgreiingar, planteikningar og andre nødvendige illustrasjonar/teikningar. Det skal utarbeidast  eit plankart i målestokk >1:2000 som viser hovudtrasear (kommunale og private) , trykktilhøve (vassforsyning), ,plassering av brannkummar, kapasitet avløpsanlegg, løysingar for overvasshandtering, pumpestasjonar mm og sikring mot tilbakesug/tilbakestraum. Planen skal avklare eigartilhøva til nye VA-leidningar (private eller kommunale). Grunnlaget for planarbeidet vil vere vedlegg B1 Krav til VA rammeplan.

 

Ved gjennomføring av VA prosjektet skal vedlegg B2 følgjast; Sjekkliste for VA anlegg.

Lokale bestemmelser
  1. Heimelsdikument

Kommunalteknisk VA norm gjeld for alle VA anlegg dvs. både kommunale anlegg og anlegg som blir bygd ut av private aktørar for deretter å blir overtatt av kommunen/VA verksemda  i samsvar med §§ 11.9, 17 og 18.1 i Plan og Bygningslova (PBL). Det er med bakgrunn i eigarrådveldet over eigne anlegg kommunen/VA  verksemda gir desse reglane for korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast.

 

Dei lokale bestemmelsane utfyller og kompletterer dei sentrale bestemmelsane i VA-norma. Dersom det er motstrid mellom desse, skal dei lokale bestemmelsane vere gjeldande.  VA-anlegg som ikkje er utført i samsvar med krava i VA-norma blir ikkje overtatt av kommunen.

 

VA norma gjeld også for private fellesanlegg for 4 eller fleire einingar (bueiningar, fritidseiningar), i samsvar med kommunen sine arealvedtekter til kommuneplanen. For næringseiningar er kravet frå første eining.

 

I tillegg gjeld  for private anlegg tilknytt eller som skal knyttast til  kommunale  anlegg, reglane i Standard Abonnentsvilkår (Administrative bestemmelser og Tekniske bestemmelser) så langt dei ikkje er i strid med denne VA norma jfr. avsnittet ovanfor.

 

I tillegg gjeld for Ålesund kommune;

·      Sanitærreglement for Ålesund kommune

·      Graveinstruks Ålesund kommune

·      NS 3420 (heile standarden), pkt 3.1

·      Kommunalteknisk veg og gatenorm Ålesund kommune

·      Vedlegg B5 Forhåndsuttale og rørleggermelding

 

Ved usikkerheit om krava skal det takast kontakt med VA-ansvarleg i kommunen. VA-ansvarleg i Ålesund kommune er «Virksomhet for vann, avløp og renovasjon».