3.6 Krav til plandokumentasjon
Både prosjektdokument og sluttdokumentasjonen skal innehalda:
a) Tiltaksframstilling som viser omfanget av tiltaket.
b) Oversiktsplan
c) Situasjonsplan som viser:
- Eksisterande bygningar, leidningar og kabelanlegg, inkl. luftstrekk. Det skal framgå kvar informasjonen er henta frå.
- Planlagte anlegg skal visast med terrenginngrep, påførte røyrtypar og dimensjonar, kummar, slukplasseringar osb.
- Prosjektet skal framgå eintydig, t.d. med utheving i høve til grunnlagsdokumenta.
- Nordpil og rutenett.
d) Gjeldande reguleringsplan og eigedomsoversikt.
e) Lengdeprofil som viser:
- Terrenghøgd.
- Fjellprofil.
- Kote topp vassleidning i kummar.
- Kote innvendig botn avløps-/spillvassleidning i kummar.
- Kote innvendig botn overvassledning i kummar.
- Fallforhold.
- Leidningstype.
- Leidningsmaterial og klasse.
- Leidningsdimensjonar.
- Leidningslengder, med kjeding.
- Kumplassering.
- Slukplassering.
- Stikkleidningar.
- Kryssande/parallelle installasjonar i grunnen.
f) Erklæringar som blir krevd av VA-ansvarlig i kommunen.
g) Tittelfelt som viser:
- Prosjektnavn.
- Teikningstype.
- Målestokk.
- Revisjonsstatus.
- Ansvarlig prosjekterande.
- Tiltakshavar.
Lokal bestemmelse for Søgne, Songdalen, Birkenes og Kristiansand
Det foretrekkes situasjonsplan og lengdeprofil på samme tegning, såkalt ”plan- og profiltegning”. For planer som tegnes i A1 skal symboler og tekst også kunne leses ved nedskalering til A3.
Framtidig terreng / veghøyde skal vises på lengdeprofilet.