3.9 Krav til sluttdokumentasjon
Før overtaking for offentleg eige, drift og vedlikehald, skal sluttdokumentasjon leverast. Sluttdokumentasjon skal innehalda:
- Ajourførte teikningar som viser korleis anlegget er utført.
- Koordinatfesta innmålingsdata.
- Komplett KS- og HMS-dokumentasjon inkludert:
- Dokumentasjon på utført røyrinspeksjon, trykkprøving og desinfisering der dette er påkrevd.
- Dokumentasjon på evt. avvik frå originalplanen. Jfr. 3.6.
- Tinglyste rettar.
- Bankgarantiar.
- Ferdigattest.
Krav til innmåling:
For alle nyanlegg (gjeld og utskifting av eksisterande leidningar) skal følgjande punkt innmålast med X-, Y- og Z-koordinatar:
- Kummar (topp senter kumlokk), gjeld og for eksisterande kummar når dei har innverknad på anlegget.
- Sluk (topp senter slukrist).
- Leidningar i kum (sjå målepunkt for kotehøgd på leidning).
- Retningsendringar (knekkpunkt) i horisontalplanet og/eller vertikalplanet.
- Overganger (mellom ulike røyrtypar).
- Kvar 10. meter for leidning lagt i kurve.
- Krysningspunkt for eksisterande kommunale leidningar.
- Gren og påkoplingar, gjeld og tilkopling av private leidningar utanfor kum i utbyggingsområder.
- Endeavslutning av utlagte avløpsavstikkarar, gjeld berre for utbyggingsområder.
- Nedgravde hjelpekonstruksjonar (forankringar, avlastingsplater osb.).
- Inntak.
- Utløp/utslepp.
Målepunkt for kotehøgd på leidning.
- Trykkleidningar: Utvendig topp røyr.
- Sjølvfallsleidningar: Innvendig botn røyr
Innmåling med bandmål:
- Avstand frå senter kumlok til tilkoplingspunkt for private leidningar
Koordinatfesta innmålingsdata og eigenskapsdata for leidningsnett med tilhøyrande installasjonar (kummar, pumpar, ventilar osb.) skal leverast på digital form i samsvar med gjeldande SOSI-standard.
Sluttdokumentasjonen skal godkjennast før overtaking.
Lokal bestemmelse for Narvik
For ledningsanlegg over offentlig og privat eiendom, skal det ved overtagelse foreligge en tinglyst rett for Narvik Vann til drift og vedlikehold av ledningsanlegget.
Sluttdokumentasjon leveres iht. Norm for innmåling og dokumentasjon av VA-ledningsnett (lokalt vedlegg). I tillegg skal det leveres følgende:
- Driftsinstrukser for tekniske installasjoner
- For vannedninger; Dokumentasjon på desinfeksjons, trykkprøving av ledning inkl anboringer, nøytralisering/utspyling samt godkjent vannprøve
- For avløpsledninger (spillvann og overvann); Dokumentasjon på utført spyling, evnt tetthetsprøving, rørinspeksjon iht va-miljøblad nr 51 inkl fallmåling