Bygging av VA-anlegg er normalt søknadspliktig i henhold til Plan og bygningsloven og ansvarlige aktører skal godkjennes gjennom byggesaksforskriften. Anlegg som ikke er uført i henhold til kommunens VA-norm og godkjente planer, kan kommunen nekte å overta.
Lokale bestemmelser
Ved utarbeiding av reguleringsplanar på alle plannivå skal det følgje ein overordna VA plan/rammeplan VA.
Overordna VA-plan skal bestå av utgreiingar, planteikningar og andre nødvendige illustrasjonar/teikningar. Det skal utarbeidast eit plankart i målestokk >1:2000 som viser hovudtrasear (kommunale og private) , trykktilhøve (vassforsyning), ,plassering av brannkummar, kapasitet avløpsanlegg, løysingar for overvasshandtering, pumpestasjonar mm og sikring mot tilbakesug/tilbakestraum. Planen skal avklare eigartilhøva til nye VA-leidningar (private eller kommunale). Grunnlaget for planarbeidet vil vere vedlegg B1 Krav til VA rammeplan.
Ved gjennomføring av VA prosjektet skal vedlegg B2 følgjast; Sjekkliste for VA anlegg.
Lokale bestemmelser |
Kommunalteknisk VA norm gjeld for alle VA anlegg dvs. både kommunale anlegg og anlegg som blir bygd ut av private aktørar for deretter å blir overtatt av kommunen/VA verksemda i samsvar med §§ 11.9, 17 og 18.1 i Plan og Bygningslova (PBL). Det er med bakgrunn i eigarrådveldet over eigne anlegg kommunen/VA verksemda gir desse reglane for korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast.
Dei lokale bestemmelsane utfyller og kompletterer dei sentrale bestemmelsane i VA-norma. Dersom det er motstrid mellom desse, skal dei lokale bestemmelsane vere gjeldande. VA-anlegg som ikkje er utført i samsvar med krava i VA-norma blir ikkje overtatt av kommunen.
VA norma gjeld også for private fellesanlegg for 4 eller fleire einingar (bueiningar, fritidseiningar), i samsvar med kommunen sine arealvedtekter til kommuneplanen. For næringseiningar er kravet frå første eining.
I tillegg gjeld for private anlegg tilknytt eller som skal knyttast til kommunale anlegg, reglane i Standard Abonnentsvilkår (Administrative bestemmelser og Tekniske bestemmelser) så langt dei ikkje er i strid med denne VA norma jfr. avsnittet ovanfor.
I tillegg gjeld for Ålesund kommune; · Sanitærreglement for Ålesund kommune · Graveinstruks Ålesund kommune · NS 3420 (heile standarden), pkt 3.1 · Kommunalteknisk veg og gatenorm Ålesund kommune · Vedlegg B5 Forhåndsuttale og rørleggermelding
Ved usikkerheit om krava skal det takast kontakt med VA-ansvarleg i kommunen. VA-ansvarleg i Ålesund kommune er «Virksomhet for vann, avløp og renovasjon». |
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.