3.0 Generelle bestemmelser

For: Øygarden Kommune • Bokmål • Bytt til Nynorsk

3.0 Generelle bestemmelser

Bygging av VA-anlegg er normalt søknadspliktig i henhold til Plan og bygningsloven og ansvarlige aktører skal godkjennes gjennom byggesaksforskriften. Anlegg som ikke er uført i henhold til kommunens VA-norm og godkjente planer, kan kommunen nekte å overta.

Lokal bestemmelse for Øygarden

Lokale bestemmelser

Ved utarbeiding av reguleringsplanar skal det følgje ein VA rammeplan. Denne planen skal vere godkjent før reguleringsplanen kan vedtakast.

 

VA-rammeplanen skal bestå av utgreiingar, planteikningar og andre nødvendige illustrasjonar/teikningar. Det skal utarbeidast  eit plankart i målestokk >1:2000 som viser hovudtrasear (kommunale og private) , brannsvassdekning , løysingar for overvasshandtering, pumpestasjonar mm. Planen skal avklare eigartilhøva til nye VA-leidningar (private eller kommunale).

 

Komplett  teknisk plan  med teikningar, beskrivelse, kapasitetsberekningar skal sendast til kommunen/VA verksemda for godkjenning før det blir gitt igangsettingsløyve.  For nærare innhald i teknisk plan blir det vist til vedlegg B1 jfr også rapport 2008/2014 frå Norsk Vann.

 

Korrigerte teikningar og «som bygd teikningar» skal inngå i sluttdokumentasjonen for prosjektet jfr pkt 3.9. i VA normen.