3.6 Krav til plandokumentasjon

For: Nissedal kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.6 Krav til plandokumentasjon

Både prosjektdokument og sluttdokumentasjonen skal innehalda:

a) Tiltaksframstilling som viser omfanget av tiltaket.

b) Oversiktsplan

 

c) Situasjonsplan som viser:

  • Eksisterande bygningar, leidningar og kabelanlegg, inkl. luftstrekk. Det skal framgå kvar informasjonen er henta frå.
  • Planlagte anlegg skal visast med terrenginngrep, påførte røyrtypar og dimensjonar, kummar, slukplasseringar osb.
  • Prosjektet skal framgå eintydig, t.d. med utheving i høve til grunnlagsdokumenta.
  • Nordpil og rutenett.

d) Gjeldande reguleringsplan og eigedomsoversikt.

e) Lengdeprofil som viser:

  • Terrenghøgd.
  • Fjellprofil.
  • Kote topp vassleidning i kummar.
  • Kote innvendig botn avløps-/spillvassleidning i kummar.
  • Kote innvendig botn overvassledning i kummar.
  • Fallforhold.
  • Leidningstype.
  • Leidningsmaterial og klasse.
  • Leidningsdimensjonar.
  • Leidningslengder, med kjeding.
  • Kumplassering.
  • Slukplassering.
  • Stikkleidningar.
  • Kryssande/parallelle installasjonar i grunnen.

f) Erklæringar som blir krevd av VA-ansvarlig i kommunen.

g) Tittelfelt som viser:

  • Prosjektnavn.
  • Teikningstype.
  • Målestokk.
  • Revisjonsstatus.
  • Ansvarlig prosjekterande.
  • Tiltakshavar.

Lokal bestemmelse for Nissedal

Lokal bestemmelse for Nissedal kommune

Tittelfeltet skal også vise tegningsnavn.

Av prosjektdokumentasjon inngår også tv kjøringer med rapporter iht. RINs siste oppdaterte standard.