Skal vise geometrisk utforming av grøften, ledningenes innbyrdes plassering, krav til ledningsfundamentering, sidefylling, beskyttelseslag og tilbakefyllingsmasser.
Lokale vilkår |
Grøfteutforming skal vere i samsvar med vedlegg A2; Grøfteprofil jf. pkt. 4.1 i denne norma. Det skal vere minimum 1 m frå utvendig røyrvegg til kabelgrøft. Bruk av mindre avstandar skal godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen. I slike tilfelle skal det opprettast eigen avtale mellom utbyggar og kommune, der eventuelle meirkostnader for drift og vedlikehald blir tillagt kabeleigar.
Ved dårlege grunntilhøve (ikkje drenerbare massar – dvs. m.a. myr /leire) skal det brukast geotekstil/ fiberduk i botnen av grøfta samt sidene til over leidningsona.
Kryssing av røyr skal i størst mogleg grad skje utan bruk av bend. For å få dette til, må leidningane ligge på ulike høgdenivå i kryssingspunktet. Aktuell løysing skal synast på utarbeidd lengdeprofil.
Det skal dokumenterast at avstanden frå VA anlegg til fiber/elanlegg er minst 1 meter jr. pkt 4.4 og teikning A2. Dersom dette ikkje let seg gjere, skal teknisk løysing godkjennast av VA ansvarleg.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.