Utførande entreprenør har ansvaret for handtering og tilstand av røyra og inntil dei er overtekne av kommunen. Røyra skal vere tersa/plugga i begge endar under lagring fram til montering i grøfta. Utførande entreprenør skal kontrollere røyr og kummar for feil/ skader ved mottak av røyra på byggeplassen.
Mottakskontroll skal gjennomførast og kunne dokumenterast.
Det blir elles vist til vedlegg B3 Sjekkliste for kontroll av VA anlegg.
Stikkprøvar blir gjennomført av kommunen.
Leidningane skal vere tersa ved levering/lagring
Ved langvarig lagring dvs. meir enn 3 månader, skal røyra tildekkast. |