5.14 Vassverkskummar

For: Sula Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Lokale bestemmelser
 

Alt armatur i prefabrikkert kum skal kunne brukast frå bakkenivå. Det skal leggjast flatt lokk med sentrisk hull som er plassert over armaturen for kummar inntil 2.0 meter djupe.  For djupare kummar skal det brukast eksentrisk hol plassert over stige. Ved bruk av  plasstøypte kummar skal løysing avklarast med VA ansvarleg.

 

Vidare skal det brukast 650 mm kumlokk/flyteramme med slite/dempering og lås .

 

Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm.  For armatur 200 mm og større skal diameteren vere minimum 2000 mm. . Det skal vere montert beskyttelseshette på alle brannventilar og brannventilar skal vere sentrert under kumlokk.

 

Brannventilane skal vere sikra mot innsug.

 

Det skal alltid monterast justeringsring av betong eller plast minimum 150 mm høgde, med støttering av aluminium eller varmforsinka stål. jfr teikning A8. Ved reasfaltering kan justeringsringar m 100 mm høgde brukast.  Det skal vere minimum 250 mm og maksimum 300 mm grusmasse (underbygning) frå kumlokk/topp kum og opp til underkant av asfaltdekke. For fylkeskommunale og riksvegar må krava som gjeld for desse vegane følgjast.

 

Vasskummen skal vere frostsikker. Val av metode må avklarast med VA ansvarleg i kommunen.

 

Vassverkskummar skal plasserast på ein slik måte at dei let seg drenere(kummen skal vere tørr). Dersom dette ikkje let seg gjere, skal det ikkje setjast ned kummar. I staden skal det brukast nedgravd løysing dvs. at alle leidningane og armatur ligg nedgravde og slusene blir opererte via spindelforlengarar jf. vedlegg A 7. Dersom det skal monterast brannventil, må det vere eit system for nedtapping.  Ei slik løysing skal godkjennast av VA ansvarleg.

 

Alle endeleidningar skal ha kum med spyleleidning og brannuttak dersom kommunen krev det. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet. Alle vassverkskummar skal og vere tilrettelagt for pluggkjøring.

 

Utforming av reduksjonskummar og vassmålarkummar skal skje etter avtale med VA ansvarleg i kommunen.

 

For Sula gjeld spesielt;

 

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm.  Det skal brukast topp plate med sentrisk hol for 800 mm kumlokk/flyteramme. Det skal vere montert kapsellokk på alle kumlok, sentrert over brannventil.  Avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 70 – 90 cm.

 

For Hareid, Sande, og Stranda kommune kan det brukast kjegler på kummar etter nærare avtale med VA ansvarleg.

 

For Stranda kommune gjeld særskilt; justeringsringar med 5, 10, 15 eller 20 cm høgde kan brukast . Materialkvaliteten kan vere betong eller plast. Justeringsringar med 5 cm høgde, skal vere av plast.

 

For  kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommune gjeld;

 

På nyanlegg skal det monterast kummar med min. 1,6 m diameter og min. 1,50 m frå kumlokk til topp rør. Røyra skal monterast til allereie fastmontert konsoll, slik at røyret blir heva litt over kumbotn.

 

I kummar der topplate blir brukte skal tilpassing til vegnivå skje med hjelp av justeringsringar. Maks. totalhøgde på justeringsringar er 30 cm. Det skal vere minimum 20 cm grusmasse (underbygning) frå topplate og opp til underkant av asfaltdekke på kommunale vegar. For fylkesveier og riksveier gjeld krava til Statens vegvesen.

 

Alle endeledninger skal ha mulighet til utspyling.

 

Nødvendig dimensjon på drensleidning i kummar berekna på utstpyling og/eller mottak av spylepluggar, må avklarast med VA ansvarleg.

 

For kummer som er berekna på utspyling og/eller mottak av renseplugger skal drensleidningen vere minst 200 mm.