Følgjande gjeld for kommunane Giske, Haram, Hareid, Sande, Stranda, Sandøy, Skodje, Sula, Sykkylven og Volda;
Tilknyting til kommunalt nett skal skje i kummar. Eventuell tilkopling utanom kum skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.
Tilknyting skal også vere i samsvar med «Standard Abonnementsvilkår for tilknyting til kommunalt VA anlegg» for kommunen. Der plassen i kummen er tilstrekkeleg, skal samleflens eller manifoil nyttast for stikkleidningar. Ved større utbyggingar skal det nyttast stikkleidningskummar.
Det skal monterast stoppekran i kum for kvar enkelt bustad og merkast med gards og bruksnummer. Stikkleidningen skal være av 32 mm PE eller større (gjeld ikkje Sula kommune – sjå eige punkt). Mogleg løysing er synt på standard teikning A4.
Tilkopling til kommunale hovudleidningar/ overføringsleidningar med store dimensjonar blir normalt ikkje tillatt. Før prosjektering av sprinklaranlegg skal den VA-ansvarlege kontaktast. Kor vidt det skal brukast eigen leidning til sprinklarlanlegg, blir avgjort av VA ansvarleg.
Vidare er tilknyting av privat stikkleidning til undervassleidningar og sjøleidning ikkje tillatt.
For kommunane Volda og Sykkylven gjeld spesielt;
Tilkopling av sprinklaranlegg skal skje med eigen leidning til kommunalt nett. Ved tilkopling til kommunalt nett skal det setjast ned kum, med montering av tilbakestraumsventil.
For Giske kommune gjeld i tillegg :
Ved bruk av stikkleidningskummar skal det brukast samleflens eller manifoil stor nok til at det kan monterast stoppekran og vassmåler til kvar enkelt bustad/ stikkleidning.
Tilkopling på eldre nett skal skje etter avtale med VA ansvarleg frå eigen 63 mm fordelings leidning parallelt med kommunal hovudleidning.
For Sula kommune gjeld i tillegg;
Alle anboringar skal vere i korrosjonsfri utføring.
Stikkleidningen skal vere av 25 mm PE eller større av type røyr-i-røyr.
Alle kommunale og private stikkleidningar frå anboring/stikkleidningskummar og til innvendig stoppekran skal vere av type Rør i rør som er utskiftbare. Røyret skal bestå av følgjande kvalitetar. Det indre røyret skal vere av PE SDR11. Ytterøret skal vere av PE SDR 17.
Alle private og kommunale vassleidningar til forsyning som kryssa veger, frå 63 mm og mindre dimensjonar skal vere utskiftbare, og av type Røyr i røyr. Innerrøyret skal vere av PE SDR11,Ytterøyret skal vere av PE SDR 17.
|