5.10 Tilknyting av stikkleidninger/avgreining på kommunal vassleidning

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.10 Tilknyting av stikkleidninger/avgreining på kommunal vassleidning

Det blir normalt ikkje gjeve løyve til private stikkleidningar i kommunale VA-kummar.

Unntak:

  • Tilknyting for sprinkleranlegg.
  • Tilknyting til viktige hovudvassleidningar.

I desse tilfella skal avgreining gjerast i kum.

Tilknyting/avgreining skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 7, UTV. Tilknytning av stikkledning til kommunal vannledning.

Anboring på plastrøyr i spenn er ikkje lov.

Krav til innmåling:

  • Avgreining utanfor kum skal innmålast med X-, Y- og Z-koordinatar.
  • For anboring målar ein avstand med bandmål frå senter kumlokk på næraste kum til anboringspunkt.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Tilknyting  til undervassleidning/sjøleidning er ikkje tillate.

 

Vatn til forbruk og sprinklaranlegg skal gå i felles leidning.  Leidningsanlegg fram til hovudsprinklarventil skal vere av rustfritt materiale eller plastmateriale og vere sikra med tilbakeslagssikring. Det blir og vist til vedlegg B5 «Retningslinjer for brannvatn og sprinklarvatn» for nærare krav til tilbakeslagssikring.

 

Tilknyting skal også vere i samsvar med kommunen sitt sanitærreglement /avtaleverk for tilknyting til kommunalt VA anlegg.

 

For alle private fellesleidningar, eigd av meir enn 1 abonnent, skal det det føreligge  tinglyste avtalar om felles eige og ansvar.

 

Dersom private stikkleidningar blir lagt over eigedommen til annan grunneigar, skal det føreliggje  tinglyst rett til å ha leidningen liggande i grunnen samt at nødvendig vedlikehald kan gjennomførast. Det blir og vist til punkt 3.A i denne norma.

 

Isolering av stikkleidningar er aktuelt særleg for stikkleidningar i veg. VA ansvarleg avgjer kor dette er aktuelt.

 

For kommunane  Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Solund, Stad og Stryn gjeld følgjande

 

Tilknyting til nytt kommunalt nett skal skje i kummar. Kvar einskild stikkleidning skal ha stengekran med varig merking med gards- og bruksnummer. Eventuelle tilkopling utanom kum skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.

 

Ved 3 eller fleire tilkoplingar, skal  manifoil brukast jf. teikning A5-A. Mogleg utforming er vist på standardteikning A5 – A Tilkopling med manifoil.

 

For Sunnfjord kommune gjeld følgjande

 

Nye tilknytingar skal normalt skje utanom kum med sveist anboring.  Vassleidningar med små dimensjonar og /eller lite gjennomstrøyming skal vere isolerte der leidningen ligg i offentleg veg.  Det blir vist til teikning A5 – B Tilkopling stikkleidning utanom kum

 

Dersom tilkopling skjer i kum, skal dette skje via manifoil og etter nærare avtale med VA ansvarleg i kommunen. Ei mogleg løysing er synt på teikning  A5-C.

 

Stikkleidningar i kommunal veg skal vere isolerte. Val av løysing skal godkjennast av VA ansvarleg.

 

For Gloppen kommune gjeld følgjande;

 

Alle stikkleidningar skal koplast til i vasskum med mellomring og/eller T-røyr: I tillegg skal stikkleidningen ligge i trekkerøyr (grønfarga røyr) frå kum til 1m frå grunnmur .

 

Andre løysingar skal avklarast med VA ansvarleg.