Avstand mellom vasskummar avheng av fleire faktorar:
Endelig avstand skal avtalast med VA-ansvarleg i kommunen.
I tettstadområde(sentrumsområde) skal avstand mellom kummar med brannventil normalt ikkje vere større enn 100 meter.
Rettleiinga til byggteknisk forskrift TEK 17 gir preaksepterte ytingar for avstandar til kum/hydrant. Brannkum/hydrant bør plasserast innanfor 25 – 50 meter frå inngangen til hovudangrepsveg/inngangsdør til bygget. Det må vere eit tilstrekkeleg tal kummar/hydrantar til at alle delar av byggverket er dekka.
I kommunar der brannbilane har eigna trykkforsterking kan desse plasserast innanfor 25 – 50 meter frå inngang til hovudangrepsveg. Maksimal avstand på 50 meter kan reknast frå køyretøyet.
For Sveio kommune gjeld i tillegg særskilde reglar for tilrettelegging av slokkinnsats.
Generelt må unntak frå desse bestemmelsane diskuterast og godkjennast av VA ansvarleg i kommunen/heradet.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.