5.20 Leidningar under vatn

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.20 Leidningar under vatn

Leidningar under vatn skal ha spesiell godkjenning av VA-ansvarlig i kommunen.

Leidningar under vatn skal leggast og utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 44, UT. Legging av undervannsledning og VA/Miljø-blad nr. 45, UT. Inntak under vann.

For søknad om løyve til legging av undervassleidning, sjå VA/Miljø-blad nr. 41, PT. VA-ledninger under vann. Søknadsprosedyre.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
 

Det skal normalt brukast speilsveisa PE leidning under vatn. Andre løysingar t.d. elektromuffer, skal godkjennast av VA ansvarleg. Teknisk løysing ved avgreiningar, skal godkjennast av VA ansvarleg.

 

Leidningen skal vere nedgreve i strandsona ned til 2 meter under sjøkart null (lågaste astronomiske tidevatn LAT). Leidningen må vere nødvendig sikra mot utvasking frå bølgjer (nedgraven/fastbolta). Undervassleidningar skal vere utstyrt  belastningslodd som tilsvarer 40 % luftfylling av leidningen

 

VA- ansvarleg i kommunen kan krevja at hovudleidningar skal vere dublerte (vere reserveleidning ).

 

Som grunnlag for legging av  undervassleidning(hovudleidningar) skal heile traseen vere scanna og 3 dimensjonalt kart vere utarbeidd. Vidare skal dokumentasjonen på ferdig lagt leidning vere dokumentert med bilde. Ein mogleg  måte å gjere det på, er synt på bildet under.

ekstrafil innlegging

Det blir og vist til VA-miljøblad nr 80. Senking av undervassleidning