Trykkleidningar skal ikkje utsetjast for høgare innvendig trykk enn nominelt trykk, PN. Trykkstøyt skal ikkje overskrida nominelt trykk. Leidningane skal ikkje utsetjast for undertrykk.
Kommunale vassleidningar skal normalt leggjast med ei overdekking på mellom 1,5 og 2,5 m under ferdig opparbeida veg/terreng. Ved legging av kommunal vassleidning grunnare enn 1,5 m eller djupare enn 2,5 m, skal det hentast løyve frå VA-ansvarlig i kommunen.
Sjå:
Leggedjupne må vurderast i høve til frostdjupne på den enkelte staden.
Leggedjupne må vurderast i høve til frostdjupne på den enkelte staden. Vidare må det takast omsyn til utforming av grøftesnittet sjå kap 4.1.
Dersom isolerte røyr skal brukast, sjå pkt 4.1. Nødvendig overdekking må avklarast med VA ansvarleg. Kommunane Eidfjord, Ullensvang og Ulvik har sett eigne konkrete krav til overdekking ved bruk av isolerte røyr, sjå tabellen over. Ofte vil maksimal trykkbelastning vere avgjerande i høve til leggedjupne. Ved boring/gjennomtrekking i vegar og liknande, skal det brukast kappe av PP (polypropylen) på PE røyr. Dersom det er føremålstenleg kan det etablerast vassleidning i grovborehol i fjell. Leidningen skal vere min PN 10 med beskyttelseskappe og forankrast slik at slitasjeskader på grunn av temperaturbevegelsar ikkje oppstår. Den skal vidare monterast slik at materialspenningar ikkje under noko tilhøve kan overskridast. Det skal etablerast kum i begge endar av boreholet. Boreholet skal vere drenert slik at vasstrykket ikkje kan bygge seg opp mellom røyr og borehol. Det skal vere køyrbar tilkomst til begge sider av boreholet dersom anna ikkje er spesielt avtalt. Boreholslengde større enn 100 meter skal avklarast spesielt med VA-ansvarleg i planfasen. Tekniske løysingar for utforming av leidningsanlegg ved boring i fjell og lausmassar skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen For Ullensvang kommune gjeld spesielt Bruk av grunne grøfter og isolering/preisolerte røyr og eventuelt varmekablar bør brukast i høgfjellsområda dvs. over ca. kote 500. Andre stader i kommunen kan desse løysingane brukast etter særskild godkjenning av VA ansvarleg. Vurdering av frostfri djup i fjellområde må vurderast i kvart enkelt prosjekt. Utrekningane skal godkjennast av VA ansvarleg.
|
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.