Trykkleidningar skal ikkje utsetjast for høgare innvendig trykk enn nominelt trykk, PN. Trykkstøyt skal ikkje overskrida nominelt trykk. Leidningane skal ikkje utsetjast for undertrykk.
Kommunale vassleidningar skal normalt leggjast med ei overdekking på mellom 1,5 og 2,5 m under ferdig opparbeida veg/terreng. Ved legging av kommunal vassleidning grunnare enn 1,5 m eller djupare enn 2,5 m, skal det hentast løyve frå VA-ansvarlig i kommunen.
Sjå:
Leggedjupne må vurderast i høve til frostdjupne på den enkelte staden.
For kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Stad og Sunnfjord gjeld følgjande
Vanleg overdekking er minimum 1,5 meter. I område over kote 350, skal overdekkinga minimum vere 1,8 meter.
For Solund kommune gjeld følgjande:
Utanom veg: 1,0 meter overdekking
I veg: 1,2 meter overdekking
For kommunane Gloppen og Stryn gjeld følgjande:
1,8 meter overdekking |
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.