Alle støypejernsdelar skal vera i duktilt støypejern (GGG) etter NS-EN 545.
Flenseskøytar skal koplast med boltar med smurt gjengeparti. Armatur og boltar skal minst tilfredsstilla same krav til levetid som røyra.
VA miljøblad nr 1 skal danne utgangspunktet for utforming av ventilarrangement. Kummane skal tilretteleggjast for pluggkøyring. Utforming og plassering av kummar må avtalast spesielt med VA ansvarleg i kommunen.
Lett monterbare og modulbaserte ventilar skal nyttast. Bruk av andre typar ventilar skal godkjennast av VA ansvarleg. Ventilane skal vere høgrestengde.
Ventil T eller ventil kryss med faststøypte serviceventilar 50 mm, skal vere montert på alle leidningar inn og ut av kummen. Alternativt kan mellomringar med serviceventilar 50 mm brukast.
Bajonettløysing skal veljast – gjengeløysing er ikkje tilatt brukt i støypegods. Kummane skal tilretteleggjast for pluggkøyring.
Materialkvaliteten på boltar må vurderast særskilt. Ved aggressive forhold f. eks i nærleiken av sjø, skal syrefaste boltar brukast. VA ansvarleg avgjer materialkvaliteten.
Overflatebehandling av all armatur skal vere i samsvar med GSK – standard både med omsyn til prosess og produkt
I tillegg gjeld for Ullensvang kommune
Det skal monterast stengeventil på alle hovudleidningar i kum. Alle stengeventilar skal ha nøkkeltopp. Det skal ikkje monterast stengeventil under brannkula. Brannkule skal monterast i alle kummer.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.