Spillvassleidningar skal utformast med sikte på å unngå tilstopping. Det skal være tilrettelagt for høgtrykksspyling/suging, røyrinspeksjon og framtidig rehabilitering.
Det skal normalt være samme røyrtype/røyrdimensjon mellom kummar. Ved reparasjon og utskifting av røyr skal dette utførast slik at innvendig røyrdimensjonen ikkje blir endra.
Nyanlegg og omleggingar av eksisterande anlegg skal byggast som separatsystem. Overvatn skal ikkje leiast inn på spillvassystemet
Funksjonskrava gjeld også for eksisterande fellesleidningar ved reperasjon, dvs. avløpsleidningar som fører både spillvatn og overvatn.
Ved tilknyting av eksisterande hus til nytt avløpsanlegg, skal alle midlertidige tilkoplingar vere knytt til kommunalt avløpsnett. Omkoplingsarbeidet frå gamal til ny leidning skal skje snarast råd og før arbeidsdagens slutt.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.