Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1000 mm. For dei minste røyrdimensjonane bør renner utførast i same materiale som røyrleidningen (ved bruk av PVC-røyr kan renner i PP aksepterast).
Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, UT. Montering av kumramme og kumlokk. Kummen skal vera tett.
Bruk av minikummar skal avtalast med VA-ansvarlig i kommunen.
Lokale bestemmelser | ||||||
Alle kummar, plast eller betong, skal vere prefabrikkerte. Minste tillatt kumdiameter er 600 mm. Maks djupne for 600 mm kummar er 2,50 m til botn røyr. Ved djupne meir enn 2,50 m til botn kum, skal det brukast nedstigningskum med minimum 1000 mm diameter og med stigetrinn.
Ved bruk av kummar med dobbeltgrein skal det alltid vere vassføring i hovudløpet. Kummen skal plasserast slik at leidning med største røyrdiameter og/eller største vassføring blir kopla til hovudløpet. Det skal brukast botnseksjonar bare med det talet renneløp som er nødvendig. Ved heva sideløp skal det etablerast renne ned til utløpsrør. Sideløp i kum som ikkje blir brukt, skal tettast slik at hydraulisk føring blir sikra og for å unngå tilstoppingar og oppsamling av avløp. Der det er fare for høg vasstand skal kummen sikrast mot oppdrift.
|
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.