Nye slamavskiljarar (og reinseanlegg) skal etablerast med sikker høgde over framtidig sjøvassnivå. I tillegg må ein ta omsyn til påverknad frå bølger.
Utsleppsleidning/-anlegg må dimensjonerast slik at ein oppnår dimensjonerande hydraulisk utsleppskapasitet ved dimensjonerande sjøvassnivå.
Som framtidig sjøvassnivå skal ikkje nyttast verdi mindre enn 2,5m over sjøkart null, men bør om mogeleg nytte sjøvassnivå 3,0 m.
Ved retningsendringar på hovudleidning, skal det brukast rettlinja renneløp. Renneløp som ikkje blir brukte skal støypast/tettast slik at hydraulisk føring bli sikra. Årsaka til dette er å unngå tilstoppingar/oppsamling av avløpssøppel.
Retningsendringa skal normalt takast etter kummen.
Kummar skal normalt ligga i gang og sykkelsti, kummar i veg skal leggjast utanom hjulspor. Det skal brukast tette kumlokk med polyuretanpakning.
For kommunane Bømlo, Kvam, Samnanger og Ullensvang gjeld;
Nedstigingskum skal normalt brukast i knekkpunkt og større forgreiningspunkt. Minikummar Ø600mm blir berre tillete brukt som hjelpekum mellom to nedstigningskummar, ved retningsendring o.l. Ved kummar djupare enn 4.0 meter, skal teknisk løysing vurderast av VA ansvarleg, m.a. vil mellomdekke vere aktuelt.
I tillegg gjeld for Kvam herad og Bømlo kommune;
Loka skal ha kommunale logo.
I tillegg gjeld for Samnanger kommune;
Hjelpekummane mellom to nedstigningskummar kan ha minikummar med dimensjon minimum 400 mm.
For Eidfjord, Sveio, Ulvik, Vaksdal gjeld følgjande;
Det skal brukast minikummar med diameter minimum 400 mm. Loka skal vere tette.
For Kvinnherad kommune gjeld følgjande:
Nedstigingskum skal normalt brukast i større forgreiningspunkt. Bruken av minikummar gjeld på djupne opp til 2,5 m, ved djupare kummar skal det brukast betongkummar.
Etablering av avløpskummar djupare enn 4,5 meter skal avklarast med VA ansvarleg.
Ved bruk av minikummar skal diameter vere minimum 400 mm. Alle kummar av PVC skal ha teleskop med fast montert flytande ramme.
For kommunane Fitjar og Tysnes gjeld;
Nedstigingskum skal normalt brukast i større forgreiningspunkt. Bruken av minikummar gjeld på djupne opp til 2,5 m, ved djupare kummar skal det brukast betongkummar.
Det skal brukast eksentrisk kjegle med 650 mm kumlokk/flyteramme. Ved bruk av minikummar skal diameter vere minimum 400 mm.
Etablering av avløpskummar djupare enn 4,5 meter skal avklarast med VA ansvarleg.
Botnseksjon betongkum skal vere type Basal Optikum eller tilsvarande.
VA ansvarleg avgjer omfanget av nedstigingskummar/ betongkummar . |