6.18 Pumpestasjonar spillvatn

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

6.18 Pumpestasjonar spillvatn

Kontakt VA-ansvarlig i kommunen.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

 

Nye avløpspumpestasjonar skal etablerast med sikker golvhøgde over framtidig sjøvassnivå. I tillegg må ein ta omsyn til påverknad frå bølger. Overløp til sjø må dimensjonerast slik at ein oppnår dimensjonerande hydraulisk utsleppskapasitet ved dimensjonerande sjøvassnivå, og slik at ein unngår sjøvatn inn i pumpesump. Som framtidig sjøvassnivå skal ikkje nyttast verdi mindre enn 2,5m over sjøkart null, men bør om mogeleg nytte sjøvassnivå 3.0

Moglege utformingar av pumpestasjonar  på avløpssektoren er synt i vedlegg B5Avløpspumpestasjon versjon Bømlo og B6 Avløpsstasjon versjon Ullensvang

VA-ansvarleg skal godkjenne endeleg utforming av pumpestasjonen.

For Bømlo kommune gjeld følgjande;

Utforming av pumpestasjonar  på avløpssektoren skal vere i samsvar med vedlegg B5; Retningslinjer for utforming av pumpestasjonar avløp – Versjon Bømlo

For Ullensvang kommune gjeld følgjande:

Utforming av pumpestasjonar  på avløpssektoren skal vere i samsvar med vedlegg B6;Retningslinjer for utforming av pumpestasjonar avløp – Versjon Ullensvang

For Eidfjord kommune  gjeld i tillegg følgjande

Det skal etablerast buffertank ved alle avløpspspumpestasjonar. Der talet abonnentar er lågt, kan Eidfjord kommune i særskilte tilfelle fråfalle krav om buffertank.

Det skal etablerast naudoverløpstank ved alle avlaupspumpestasjonar der det ikkje vert etablert buffertank. Naudoverløpstanken skal ha kapasitetsbehov for minimum 12 timar ved høgste belastning.  For avlaupspumpestasjonar etablert nær sjø, kan krav til naudoverløpstank falla bort