Spillvassanlegg skal dimensjonerast for største forventa tilrenning. Mogleg framtidig auke i spillvassmengda skal takast med i utrekningane.
For verksemder med særlig stort spillvassavløp kan ein setja ei øvre grense for påslippet til offentlige avløpsanlegg, sjå bestemmelsar om offentlige avløpsanlegg i forurensingsforskriften (§ 15A). Dette medfører at verksemda må byggja t.d. basseng, som utjamnar toppar i spillvassmengda.
Spillvassmengder skal utreknast etter nærmere avtale med VA-ansvarlig i kommunen.
Utrekning av personekvivalentar skal utførast i samsvar med Norsk Standard NS 9426. Spillvassmengder skal utreknast etter planlagt behov. Infiltrasjon/inntrenging av framandvatn skal vurderast og takast med i utrekninga. Lærebok frå Norsk Vann « Vann og avløpsteknikk»kap 13. gir føringar for korleis slike utrekningar skal gjennomførast. |
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.