6.6 Styrke og overdekking

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

6.6 Styrke og overdekking

Trykkleidningar skal ikkje utsetjast for høgare innvendig trykk enn nominelt trykk, PN. Trykkstøyt skal ikkje overskrida nominelt trykk.

Kommunale leidninger skal normalt leggjast med ei overdekking på mellom 1,5 og 2,5 m under ferdig opparbeida veg/terreng. Ved stor leggedjupne må ansvarlig prosjekterande kontakta leverandør for å avklare om leidningen har tilstrekkelig styrke.

Sjå VA/Miljø-blad nr. 10 (PT), 11 (PT), 12 (PT), 13 (PT), 14 (PTA), 15 (PTV) og 16 (PT), avsnitt om styrke og overdekning. Sjå og NS-EN 1295-1. Styrkeberegning av nedgravde rørledninger under forskjellige belastningsforhold.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Leggedjupne må vurderast i høve til frostdjupne på den enkelte staden.  Vidare må det takast omsyn til utforming av grøftesnittet, sjå kap. 4.1.

Kommune/herad Krav til leggedjupne Fjellområde m.v.
Bømlo(BVA), Sveio og Tysnes 1,3 meter  
Eidfjord 1,8 meter i fjordnære/lågareliggande område 2,0 meter i høgareliggande område.

 

Fitjar, Kvinnherad og Vaksdal 1,3 meter utanom veg

1,5 meter i veg

 
Kvam og Samnanger 1,3 meter utanom veg

1,5 meter i veg

Kvamskogen-Eikedalen – 1,8 meter både i og utanom veg
Ullensvang 1,5 meter i fjordnære lågareliggande område 2,0 meter i høgareliggande område.

1.0 meter ved bruk av isolerte røyr- sjå eigen kommentar Ullensvang

Ulvik 1,8 meter 1.0 meter ved bruk av isolerte røyr

 

Ved boring/gjennomtrekking i vegar og liknande, skal det brukast kappe av PP (polypropylen) på PE røyr.

Leidningen skal vere min PN 10 med beskyttelseskappe og forankrast slik at slitasjeskader på grunn av temperaturbevegelser ikkje oppstår. Den skal vidare monterast slik at materialspenningar ikkje under noko tilhøve kan overskridast. Det skal etablerast kum i begge endar av boreholet.   Boreholet skal vere drenert slik at vasstrykket ikkje kan bygge seg opp mellom røyr og borehol.   Det skal vere køyrbar tilkomst til begge sider av boreholet dersom anna ikkje er spesielt avtalt.

Borehollslengde større enn 100 meter skal avklarast spesielt med VA-ansvarleg i planfasen. Tekniske løysingar for utforming av leidningsanlegg ved boring i fjell og lausmassar skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen

For Ullensvang kommune gjeld i tillegg:

Vurdering av frostfri djup i fjellområde må vurderast i kvart enkelt prosjekt. Utrekningane skal godkjennast av VA ansvarleg.