7.13 Overvasskummar

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

7.13 Overvasskummar

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1000 mm. Renner skal utførast i same materiale som røyrleidningen (ved bruk av PVC-røyr kan renner i PP aksepterast).

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, UT. Montering av kumramme og kumlokk. Kummen skal vera tett.

Bruk av minikummar skal avtalast med VA-ansvarlig i kommunen.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Pakninga på kumloket (650 mm kummar) skal ha svart farge.

 

For Askvoll, Bremanger, Stad, Gloppen, Hyllestad, Solund,  og Stryn:

 

Normalt skal minikummar med diameter minimum 400 mm nyttast. Stigerøyret skal avsluttast med ters, raudbrunt lokk og oppforingsring av betong med dimensjon 650 mm gonger 500 mm med flyteramme og lokk.

Ved djupne større enn 1,5 meter på stigerøyret, skal det brukast overgang til betong på toppen jf. teikning A – 10 Prinsippskisse Overvasskum.

 

For Sunnfjord kommune

 

Det skal brukast minikummar med diameter minimum på DN 400/425 mm for leidningsdimensjon inntil 250 mm leidningar.

 

For leidningsanlegg med større dimensjon enn dette, skal minikummen ha dimensjon på DN 600/630 mm.

 

Ubrukte renneløp skal blendast innvendig.

 

For Solund kommune gjeld i tillegg

 

Kravet til svart farge på kumlokpakninga går ut.