7.17 Sandfang/bekkeinntak

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

7.17 Sandfang/bekkeinntak

Før overflatevatn blir ført inn på kommunal overvassleidning må det passera rist og sandfang.

Der det er naudsynt å leggja bekk i røyr/kulvert skal bekkeinntak utformast med vekt på god hydraulisk vassføring og sjølvreinsing av rist.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Utforming og val av teknisk løysing for bekkeinntak skal godkjennast av VA-ansvarleg i kommunen.

 

For kommunane Askvoll, Bremanger Fjaler, Hyllestad, Stad, Solund og Sunnfjord gjeld følgjande:

 

Sandfangskummar skal ha diameter 1 meter og ha minst 1 meter avstand mellom utløp og botn av kummen. Totalhøgde på minimum 2.1 meter. Ei mogleg utføring er synt på teikning A12 Sandfangkum.

 

Teknisk løysing med bruk av hjelpesluk blir normalt ikkje tillate.

 

For kommunane Gloppen og Stryn gjeld følgjande

 

Sandfangskummar skal ha diameter 650 mm og ha minst 750 mm avstand mellom utløp og botn av kummen. Totalhøgde på minimum 1.5 meter. Ei mogleg utføring er synt på teikning A10 Prinsippskisse sandfangkum.