3.7 Grøftetverrsnitt

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.7 Grøftetverrsnitt

Skal vise geometrisk utforming av grøfta, innbyrdes plassering av leidningane, krav til leidningsfundamentering, sidefylling, beskyttelseslag og tilbakefyllingsmassar.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

 Lokale vilkår

Grøfteutforming skal vere i samsvar med vedlegg A2; Grøfteprofil jf. pkt. 4.1 i denne norma. Det skal vere minimum 1 m frå utvendig røyrvegg til kabelgrøft. Bruk av mindre avstandar skal godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen. I slike tilfelle skal det opprettast eigen avtale mellom utbyggar og kommune, der eventuelle meirkostnader for drift og vedlikehald blir tillagt kabeleigar.

 

Ved dårlege grunntilhøve (ikkje drenerbare massar – dvs. m.a. myr /leire) skal  det brukast geotekstil/ fiberduk  i botnen av grøfta samt sidene til over leidningsona.

 

Kryssing av røyr skal i størst mogleg grad skje utan bruk av bend. For å få dette til, må leidningane ligge på ulike høgdenivå i kryssingspunktet. Aktuell løysing skal synast på utarbeidd lengdeprofil.

 

Det skal dokumenterast at avstanden frå VA anlegg  til fiber/elanlegg er minst 1 meter jr. pkt 4.4 og teikning A2.  Dersom dette ikkje let seg gjere, skal teknisk løysing godkjennast av VA ansvarleg.