3.9 Krav til sluttdokumentasjon

For: Strand Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.9 Krav til sluttdokumentasjon

Før overtaking for offentleg eige, drift og vedlikehald, skal sluttdokumentasjon leverast. Sluttdokumentasjon skal innehalda:

  • Ajourførte teikningar som viser korleis anlegget er utført.
  • Koordinatfesta innmålingsdata.
  • Komplett KS- og HMS-dokumentasjon inkludert:
    • Dokumentasjon på utført røyrinspeksjon, trykkprøving og desinfisering der dette er påkrevd.
    • Dokumentasjon på evt. avvik frå originalplanen. Jfr. 3.6.
  • Tinglyste rettar.
  • Bankgarantiar.
  • Ferdigattest.

Krav til innmåling:

For alle nyanlegg (gjeld og utskifting av eksisterande leidningar) skal følgjande punkt innmålast med X-, Y- og Z-koordinatar:

  • Kummar (topp senter kumlokk), gjeld og for eksisterande kummar når dei har innverknad på anlegget.
  • Sluk (topp senter slukrist).
  • Leidningar i kum (sjå målepunkt for kotehøgd på leidning).
  • Retningsendringar (knekkpunkt) i horisontalplanet og/eller vertikalplanet.
  • Overganger (mellom ulike røyrtypar).
  • Kvar 10. meter for leidning lagt i kurve.
  • Krysningspunkt for eksisterande kommunale leidningar.
  • Gren og påkoplingar, gjeld og tilkopling av private leidningar utanfor kum i utbyggingsområder.
  • Endeavslutning av utlagte avløpsavstikkarar, gjeld berre for utbyggingsområder.
  • Nedgravde hjelpekonstruksjonar (forankringar, avlastingsplater osb.).
  • Inntak.
  • Utløp/utslepp.

Målepunkt for kotehøgd på leidning.

  • Trykkleidningar: Utvendig topp røyr.
  • Sjølvfallsleidningar: Innvendig botn røyr

Innmåling med bandmål:

  • Avstand frå senter kumlok til tilkoplingspunkt for private leidningar

Koordinatfesta innmålingsdata og eigenskapsdata for leidningsnett med tilhøyrande installasjonar (kummar, pumpar, ventilar osb.) skal leverast på digital form i samsvar med gjeldande SOSI-standard.

Sluttdokumentasjonen skal godkjennast før overtaking.

Lokal bestemmelse for Sandnes, Klepp, Karmøy, Haugesund, Kvitsøy, Randaberg, Sauda, Sola, Strand, Time, Tysvær, Vindafjord, Gjesdal, Hjelmeland, Hå og Stavanger

Sluttdokumentasjonen skal være VA-ansvarlig i hende senest 14 dager før overlevering/ferdigbefaring finner sted, og skal inneholde:

  • Kumkort for alle kummer.
  • Videoinspeksjon med skriftlig rapport.
  • Innmåling og foto av alle bend med forankringsplate.
  • Trykkregistreringsskjema.
  • Kontrollskjema for tetthetsprøving av selvfallsledninger.
  • Innmålingsdata på alle tekniske detaljer på det offentlige- og private ledningsnettet.
  • Dokumentasjon på hvor private stikk er knyttet til kommunalt nett.
  • Desinfeksjonsdokumentasjon.
  • Sjekklister og attesterte lister for egenkontroll.
  • Siste reviderte tegninger.
  • Avviksrapport.