4.0 Generelle bestemmelser

For: Giske Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.0 Generelle bestemmelser

Generelt blir det vist til VA/Miljø-blad nr. 5 og 6. Dersom røyrprodusenten har gitt strengare krav til legging enn VA-norma, skal krava frå produsenten følgjast.

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Seinare terrenginngrep som endrar overdekkingsforholda skal ikkje gjennomførast utan skriftleg løyve frå kommunen.  Ved stort leggedjup må ansvarleg prosjekterande kontakte leverandør for å avklare og dokumentere om leidningen har tilstrekkeleg styrke. Større leggedjupne enn 2,5 m skal godkjennast av VA-ansvarleg.

Ved fare for forureina gravemassar skal dette undersøkast og eventuelle massar deponerast i samsvar med til gjeldande krav.

Mottakskontroll av røyr og delar, lagring og montering

Ved mottakskontroll skal det i tillegg kontrollerast at frakt av røyr er gjort på ein korrekt måte. Alle røyr skal ligge plant på lasteplanet på plankar.

Utførande entreprenør har ansvaret for handtering og tilstand av røyra og inntil dei er overtekne av kommunen. Alle røyr skal vere tersa/plugga i begge endar under lagring fram til montering i grøfta. Ved montering/legging av røyra skal enden vere tersa fram til neste røyr blir montert. Det skal aldri vere open ende natta over.

Utførande entreprenør skal kontrollere røyr og kummar for feil/ skader. Evt. feil/ skadar skal meldast skriftleg til kommunen. Stikkprøvar kan bli gjennomført av kommunen.

Ved mellomlagring på anleggsstaden, skal røyra ligge på pallar, omfyllingsmasse eller liknande i samsvar med rettleiinga frå produsent.

Ved langvarig lagring  dvs. meir enn 3 månader, skal røyra tildekkast.