4.0 Generelle bestemmelser

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.0 Generelle bestemmelser

Generelt blir det vist til VA/Miljø-blad nr. 5 og 6. Dersom røyrprodusenten har gitt strengare krav til legging enn VA-norma, skal krava frå produsenten følgjast.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår

Terrenginngrep som endrar overdekkingsforholda skal ikkje gjennomførast utan skriftleg løyve frå kommunen.  Ved stort leggedjup må ansvarleg prosjekterande kontakte leverandør for å avklare og dokumentere om leidningen har tilstrekkeleg styrke. Større leggedjupne enn 3,0 m skal godkjennast av VA-ansvarleg.

 

Bruk av grunne grøfter, trykkavløp og isolerte røyr kan vere aktuelle løysingar. Dette gjeld særleg i hytteområde i fjellheimen der terrenginngrepa blir store ved å bruke konvensjonelle løysingar. Også i sårbare område ved kysten med lite lausmassar og mykje fjell i dagen, kan dette vere aktuelle løysingar.

Ved bruk av isolerte røyr med varmekabel, skal det setjast krav til styring med temperatursensorar for å redusere straumforbruket. Vidare skal varmekablane vere «Ohmske», dvs. med fast straumforbruk pr meter kabel, slik at samla straumeffekt lett kan reknast ut for heile leidningssystemet.  Spesielt viktig er at røyrskøytar blir tette slik at fukt ikkje kjem inn på varmekablen.

Bruk av grunne grøfter og isolering/pre-isolerte røyr, og eventuelt varmekablar, skal avklarast med VA-ansvarleg, i kvart tilfelle.

Ved boring/gjennomtrekking i fjell og lausmassar, skal det som hovudregel brukast varerøyr. Tekniske løysingar skal godkjennast av

VA- ansvarleg i kommunen.

Det blir elles synt til teikning A2. Grøfteprofil.

Mottakskontroll av røyr og delar, lagring og montering

Utførande entreprenør har ansvaret for handtering og tilstand av røyra og inntil dei er overtekne av kommunen. Alle røyr skal vere tersa/plugga i begge endar under lagring fram til montering i grøfta i samsvar med produsenten sine tilrådingar. Ved montering/legging av røyra skal enden vere tersa fram til neste røyr blir montert.

Utførande entreprenør skal kontrollere røyr og kummar for feil/ skader. Evt. feil/ skadar skal meldast skriftleg til kommunen. Stikkprøvar kan bli gjennomført av kommunen.

Ved mellomlagring på anleggsstaden, skal røyra ligge på pallar, omfyllingsmasse eller liknande.

 

Ved langvarig lagring  dvs. meir enn 3 månader, skal røyra tildekkast.

Lokale vilkår