4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

I samsvar med VA/Miljø-blad nr. 42, Krav til kompetanse for utføring av VA-leidningsanlegg, blir det krevd minst ADK-1 kompetanse eller tilsvarande av den som er bas i grøftelaget.

Kravet gjeld både for den som er ansvarlig for opparbeiding av grøft, fundament og om-/gjenfylling, og for den som legg leidningane.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
For kommunane Gloppen, Solund og Sunnfjord gjeld følgjande:

 

Utførande maskinførar skal ha gyldig ADK-1 sertifikat. Vidare skal utførande røyrleggar ha gyldig ADK 1 sertifikat samt ha  fagutdanning innan røyrleggarfaget.

 

For enklare anlegg, kan det søkast om dispensasjon frå desse krava.

 

 

 

For kommunane Stad og Stryn gjeld følgjande:

 

Utførande maskinførar  og  utførande røyrleggar skal ha gyldig ADK-1 sertifikat. Utførande for kumarbeid,  skal  ha både gyldig ADK 1 sertifikat samt ha  fagutdanning innan røyrleggarfaget.

 

For enklare anlegg, kan det søkast om dispensasjon frå desse krava.