4.4 Trasévalg

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.4 Trasévalg

Leidningar skal være tilgjengelige for naudsynt inspeksjon og kontroll, samt for oppgraving ved reparasjonar og tilknytingar.

Det skal være trygg avstand mellom leidning og byggverk, konstruksjon eller kabelanlegg. Minste avstand mellom byggverk/kabler og VA-leidningar må være i samråd med alle involverte partar.

Hovudleidningar skal fortrinnsvis liggja i veg eller i gang/sykkelveg. Anlegget skal der det er mogleg liggja på offentlig grunn. Dersom hovudleidningar blir liggjande på privat grunn, skal det etablerast avtale for anleggsperioden. Det skal føreliggja tinglyst erklæring om vedlikehald, fornyingar, framtidig tilkomst, osb.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Vass- og avløpsleidningar, samt overvassleidningar, skal leggjast i same plan.  Vassleidningen skal normalt krysse over avløpsleidningen når det er behov for kryssing. Det blir elles synt til vedlegg A2 Grøfteprofil

 

Hovudleidningen skal i utgangspunktet ikkje ligge nærare bygning, støttemurar eller andre konstruksjonar enn 4,0 meter, målt horisontalt. Fundamentet til byggverket må vanlegvis ligge lågare enn underkant VA-leidningen som ligg djupast.

 

Dersom dette likevel er naudsynt, skal omtale med teikningar og utrekningar vere godkjent av VA ansvarleg i kommunen før arbeidet blir iverksett/starta opp.

 

Minsteavstand mellom VA-leidningar og kablar skal vere 1 meter horisontalt, for grøfter inntil 2 meter leggedjupne. Ved leggedjupne større enn 2 meter målt vertikalt, må avstanden aukast. Dette må avklarast med VA-ansvarleg, jf. standardteikning A2.

 

Minsteavstand mellom VA-leidningar og fjernvarmeleidning/gassleidning skal vere 1,5 meter  Dersom desse blir lagde i same plan som VA-leidningane kan avstanden reduserast til 1 meter. Ved leggedjup større enn 2 meter må avstanden aukast utover 1,5 meter. VA ansvarleg i kommunen avgjer kor mykje.

 

Kryssing mellom leidningsanlegg og kabelanlegg skal skje over kortast mogleg strekning. Ved kryssing mellom gassleidning og andre leidnings- og kabelanlegg skal naudsynte tryggleiksanlegg dokumenterast.