Fundament og omfyllingsmasse skal vere i fraksjonen 8 – 16 mm.
Ved dårlege grunntilhøve (ikkje drenerbare massar – dvs m.a. myr /leire) skal det brukast geotekstil/ fiberduk i botnen av grøfta samt sidene til over leidningsona. Fiberduk skal og brukast der omliggande massar er større steinar/fylling o.l. slik at det er fare for at omfyllingsmassane kan forsvinne ut av grøfta. Fiberduken skal dimensjonerast (val av bruksklasse) ut frå botnforhold og steinstorleik. Det blir her vist til VA miljøblad nr 5 samt Håndbok N200 frå Statens vegvesen. Bruk av grunne grøfter og isolering/preisolerte røyr og eventuelt varmekablar skal avtalast med VA ansvarleg i kommunen.
Alle plastrøyr skal vere merka med Nordic Poly Mark (NPM). I tillegg gjeld for PVC røyra at alle pakningar vere faste dvs. ingen bruk av lause pakningar.
Det skal brukast strekkfaste røyrkonstruksjonar og forankring av desse i trasear med større fall enn 200 ‰. I kryss med drensgrøfter eller veiter og ved leidningsfall større enn 1:5 skal det alltid etablerast stenge som hindrar vassinnsig i grøfta. Også i meir flate parti vil det kunne vere aktuelt å etablere grøftestengsel. Dette kan vere i myrområde, større retningsendringar m.v. VA ansvarleg avgjer når grøftestengsel er nødvendig å etablere. Mogleg utforming er vist på teikningane A 9 og A10.
Oppbygging av grøfta
Innbyrdes plassering av røyra i grøfta skal gjerast slik jf. vedlegg A2 og A3.
Kommunane Giske, Sula og Sykkylven – 3 nivå med overvassleidning til venstre (alternativt speilvendt) og lengst nede jf teikning A3. For Giske skal det vere 50 mm vertikalt avstand mellom røyra. For Sula og Sykkylven skal det vere 200 mm vertikal avstand.
Minimum horisontal avstand mellom vassleidning og kablar er sett til 1 meter.
Kommunane Hareid, Sande og Stranda, Volda og Ørsta 2 nivå med vassleidning øvst og overvassleidning til venstre ( alternativt speilvendt) jfr teikning A2. 250 mm avstand frå topp overvassleidning til botn vassleidning. Minimum horisontal avstand mellom vassleidning og kablar er sett til 1 meter.
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund; 2 nivå med vassleidning øvst og overvassleidning til venstre ( alternativt speilvendt) jfr teikning A2. Det skal vere 250 mm avstand frå topp overvassleidning til botn vassleidning. Avstanden horisontalt mellom røyr og kabel skal minimum vere 2 meter. Formålet med dette kravet er å sikre at kablar i vegen ligg i ro ved graving/utbetring av VA/veg anlegga. Bruk av mindre avstand skal godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen.
I tillegg gjeld for Stranda og Sula kommune;
Ved alle leidningsanlegg skal det vurderast kor vidt eigen drensleidning er nødvendig, sjå teikning A2. Behovet for leidning og dimensjon på leidningen skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen. |