5.12 Leidning i kurve

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.12 Leidning i kurve

Som hovedregel skal vassleidning leggast i rett linje mellom knekkpunkt, både horisontalt og vertikalt. Må vassleidningen leggjast i kurve, skal dette avtalast med VA-ansvarlig i kommunen. Leidningen skal då målast inn (x, y, z) kvar 10. meter. Avvinklinga skal ikkje vera større enn 50 % av det produsenten oppgjev som maksimum.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Høgbrekk på leidning mellom kummar blir ikkje tillate. For å sikre rask utlufting av leidningsanlegg, må alle leidningar ha ei minimumsstiging på 10 promille mot lufteventil. I område med lite fall kan kravet til minimumsstiging og lokale høgbrekk fråvikast av VA ansvarleg i kommunen.

Lufteventil skal monterast i høgdebrekk på leidningsnettet  slik at eventuell luftsamling blir fjerna. Det kan og vere aktuelt å ha ventil for å hindre vakuum i leidningsanlegget dvs. ventil der luft og kan sleppe inn. Slike ventilar er ikkje aktuelt for kummar utan skikkeleg drenering.

VA ansvarleg bestemmer kva for type ventil som skal brukast.