Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1000 mm. For dei minste røyrdimensjonane bør renner utførast i same materiale som røyrleidningen (ved bruk av PVC-røyr kan renner i PP aksepterast).
Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, UT. Montering av kumramme og kumlokk. Kummen skal vera tett.
Bruk av minikummar skal avtalast med VA-ansvarlig i kommunen.
Alle kummar, plast eller betong, skal vere prefabrikkerte.
Minste tillatt kumdiameter er 600 mm. Maks djupne for 600 mm kummar er 2,50 m til botn røyr. Ved djupne meir enn 2,50 m til botn kum, skal det brukast nedstigningskum med minimum 1000 mm diameter og med stigetrinn.
Ved bruk av kummar med dobbeltgrein skal det alltid vere vassføring i hovudløpet. Kummen skal plasserast slik at leidning med største røyrdiameter og/eller største vassføring blir kopla til hovudløpet.
Det skal brukast botnseksjonar bare med det talet renneløp som er nødvendig. Ved heva sideløp skal det etablerast renne ned til utløpsrør. Sideløp i kum som ikkje blir brukt, skal tettast slik at hydraulisk føring blir sikra og for å unngå tilstoppingar og oppsamling av avløp. Der det er fare for høg vasstand skal kummen sikrast mot oppdrift.
Det skal etablerast kum ved overgang mellom pumpeleidning og sjølvfallsleidning. Utforming og teknisk løysing skal avklarast med VA ansvarleg i kommunen.
For kommunane Giske, Hareid, Stranda og Ålesund, gjeld;
Det skal brukast normalt 1000 mm nedstigningskum. Det er høve til å montere kvar andre kum som 600 mm kum.
Renner i kum skal utførast i same materiale som røyrleidningen.
For kommunane Volda og Ørsta gjeld
Det skal normalt brukast 600 mm minikummar på kummar inntil 2,5 meter djupe
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.