Dersom leidningstraséen har større fall enn 1:5 (200 ‰) skal det brukast røyr med strekkfaste skøytar, alternativt heilsveist røyr (stål og PE, PP) og/eller fallkum.
Ved fare for stor grunnvass-straum i grøfta skal det lagast grunnvass-sperre av betong eller leire.
Røyrgjennomføring gjennom betong skal utførast som vist i VA/Miljø-blad nr. 9, UTV. Rørgjennomføring i betongkum. Ved fare for ras i gjennfyllingsmassane langs traseen må sperra lagast i betong og forankrast i faste massar.
Endelig løysing skal avtalast med VA-ansvarlig i kommunen.
For kommunane Kvinnherad, Kvam, Sveio, Samnanger, Vaksdal, Fitjar gjeld følgjande:
Utforming av grøftestengsel skal utformast i samsvar med standardteikningar A6 Grøftestengsel betong eller A7 Grøftestengsel Leire
For kommunane Tysnes, Eidfjord, Bømlo og Ulvik gjeld følgjande:
Utforming av grunnvassperre skal vere i samsvar med standardteikning A6 Grøftestengsel betong
For Ullensvang kommunegjeld følgjande:
Til vanleg skal tetting av leire brukast. Drenering oppstraums kan oppnåast ved drensleidning som blir leia gjennom tettinga og ut i terrenget eller i eigen overvassleidning. Eksempel på mogleg drenering er vist i vedlegg A7.
Dersom vatnet ikkje skal drenerast, skal dreneringsleidning sløyfast.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.