3.11 Traséval

For: Voss Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.11 Traséval

Sjå kap. 4.4 – Trasévalg.

Lokal bestemmelse for Voss

Sjå pkt. 4.4

Endeleg trasevalg skal vere avklart med grunneigar og avtale underskreve. Avtalen skal sikre varig løyve til å ha leidningen liggjande og å kunne gjennomføre naudsynt vedlikehald, jfr. også kommunens sin mal for leidningserklæring. Avtalane skal tinglysast som hefte på eigedommane og vil følgje med frådeling og sal. Nødvendig areal til disposisjon for høgdebasseng og pumpestasjonar skal oppmålast og tildelast martrikkelnr.

Tilgjengelegheit for framtidig drift, vedlikehald og utskifting skal sikrast ved val av trase og utføring av anlegg.

Tilgjengelegheit for framtidig drift, vedlikehald og utskifting skal sikrast ved val av trase og utføring av anlegg.

3.11.1 Eigedomsgrunn

Hovudregel er at kommunale leidningar skal leggas i kommunal gate/veg.

Når spesielle tilhøve krev avvik frå dette, skal tilgjengelegheit for framtidig drift, vedlikehald og utskifting sikrast.

Over private eigedommar skal dette sikrast ved avtaler med grunneigarar, basert på val av trase og utføring av anlegg.

3.11.2 Avstand til bygning

Minste avstand frå eksisterande eller planlagt tiltak til nærmaste utvendig kommunal leidning skal for leidningsdjupn mindre enn 3 m vera:

  • Minimum 4 m ved parallellføring.
  • Minimum 3 m ved hjørne/punktføring.

Dersom grøftebotn vert djupare enn 3 m aukast avstandskravet tilsvarande aukinga i djupn.

Det kan søkast VA-ansvarlig om dispensasjon når avstandskrava over vert redusert til inntil ein avstand på 2 meter mellom konstruksjon og kommunal hovudleidning. Konstruksjonar må då fundamenterast djupare enn botn grøft og løysning må leggas fram for VA- avdelinga for godkjenning.

For djupare bora kommunale leidningar er kravet til minimumsavstand normalt 4 m.

For større kommunale VA- leidningar er det egne avstandskrav, sjå tabellen under:

Leidningsdimensjon DN –          Avstandskrav (meter)
DN ≥ 300 –          5
DN ≥ 600 –          6
DN ≥ 900 –          7

 

3.11.3 Avstand til kablar

Minsteavstand mellom VA-leidningar og kablar skal være 1 m. Når VA-leidningar ligger djupare enn 2 m må avstanden aukast etter avklaring med VA ansvarlig.

3.11.4 Avstand til fjernvarmeanlegg

Fjernvarmerør vil normalt ha 1 m overdekning, dvs. dei vert lagt mellom 1,3 – 1,8 m målt frå utvendig botn av røyr avhengig av dimensjon.

Ved kryssing skal avstand i vertikalplanet mellom kommunale leidningar og fjernvarmeleidningar være min. 15 cm, uavhengig av dimensjoner.

Følgande avstandar mellom kommunale leidningar og fjernvarmeleidningar gjeld generelt for leidningar < DN 300:

Djupn kommunal leidning (meter) – Avstandskrav (meter)*
< 2,5 –    2
≥ 2,5 og < 3,5 –    3
≥ 3,5 og < 4,5 –    4

*Når det vert prosjektert VA-anlegg og fjernvarmeanlegg samtidig kan avstandar mellom anlegg reduserast med 0,5 m.

For større kommunale hovedvassledninger ≥ DN 300 avtalast avstandskrav til fjernvarmeledninger med VA ansvarlig. Generelt skal avstandskrav i tabell i punkt 3.11.2 leggjast til grunn.

3.11.5 Avstand til private VA-leidningar

Hovudregel er at kommunal og privat leidning ikkje skal leggjast i same grøft.

Når spesielle forhold krev avvik frå dette, skal det være minimum 1,0 m avstand mellom røyrvegg for røyra.Dette

Gjeld ikkje private stikkleidningar vatn frå fordelingskum.

3.11.6 Kryssingar

Ved kryssing av leidningar skal normalt vassleidningen liggja over avløpsleidning.

Andre løysningar skal avklarast med VA-ansvarleg.

Kryssing mellom leidningsanlegg og fjernvarmeanlegg/kabelanlegg skal skje over kortast mulig strekning.

Ved kryssing mellom VA-anlegg og kabelanlegg skal nødvendige sikkerheitstiltak avklarast med kabeleigar.