4.4 Trasévalg

For: Giske Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.4 Trasévalg

Leidningar skal være tilgjengelige for naudsynt inspeksjon og kontroll, samt for oppgraving ved reparasjonar og tilknytingar.

Det skal være trygg avstand mellom leidning og byggverk, konstruksjon eller kabelanlegg. Minste avstand mellom byggverk/kabler og VA-leidningar må være i samråd med alle involverte partar.

Hovudleidningar skal fortrinnsvis liggja i veg eller i gang/sykkelveg. Anlegget skal der det er mogleg liggja på offentlig grunn. Dersom hovudleidningar blir liggjande på privat grunn, skal det etablerast avtale for anleggsperioden. Det skal føreliggja tinglyst erklæring om vedlikehald, fornyingar, framtidig tilkomst, osb.

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Minste horisontale avstand mellom byggverk (garasje, forstøtningsmurar, gjerde mv), inkludert kummar frå andre aktørar (fiberkummar), og VA-leidningar skal vere 4 m frå røyrliv til bygg/fastkonstruksjon ved normal leggedjup.  Unntak frå denne regelen må avklarast spesielt med den VA-ansvarlege i kommunen.

 

Ved leidningsdiameter større enn 250 mm skal avstanden frå røyrliv til bygg/fastkonstruksjon ved normal leggedjup avtalast med VA ansvarleg i kommunen. Fundamenta til Byggverket skal ligge lågare enn underkant av den VA- leidningen som ligg djupast.

Ved leidningsdjup større enn 2 m, dårlege grunnforhold, vanskeleg tilgjenge for gravemaskinar mv. må avstanden aukast. I bygater kan dette kravet vere vanskeleg å oppfylle. Kvart einskild enkelt anlegg må då vurderast i samråd med alle involverte partar.

 

Kryssing av leidningar og andre anlegg

Kryssing mellom leidningsanlegg og andre anlegg(m.a. kablar) skal skje over kortast mogleg strekning og ha ein minste avstand på 30 cm vertikalt. Kryssing av røyr skal i størst mogleg grad skje utan bruk av bend. For å få dette til, må leidningane ligge på

ulike høgdenivå, der vassleidningen ligg øvst i kryssingspunktet. Aktuell løysing skal synast på utarbeidd lengdeprofil. Ved kryssing mellom gassleidningar og andre leidnings- og kabelanlegg skal nødvendige tryggleikstiltak dokumenterast.

 

For  Ålesund  kommune gjeld spesielt;

 

Avstanden horisontalt mellom VA leidningar og kabel skal minimum vere 2 meter jfr. teikning A2.

 

For  Ålesund (ytre) gjeld i tillegg;

 

Private stikkleidningar og kommunale hovudleidningar skal ikkje ligge i same grøft.  Når dette likevel er tilfelle, (skriftleg løyve frå kommunen er gitt) gjeld følgande:

 

For anlegg der det ligg både kommunale og private leidningar/ anlegg har kommunen rett til utøving av nødvendig drift og vedlikehald samt full disposisjonsrett over grøfta.