Som hovedregel skal vassleidning leggast i rett linje mellom knekkpunkt, både horisontalt og vertikalt. Må vassleidningen leggjast i kurve, skal dette avtalast med VA-ansvarlig i kommunen. Leidningen skal då målast inn (x, y, z) kvar 10. meter. Avvinklinga skal ikkje vera større enn 50 % av det produsenten oppgjev som maksimum.
Høgbrekk på leidning mellom kummar blir ikkje tillate. For å sikre rask utlufting av leidningsanlegg, må alle leidningar ha ei minimumsstiging på 10 promille mot lufteventil. I område med lite fall kan kravet til minimumsstiging og lokale høgbrekk fråvikast av VA ansvarleg i kommunen.
Lufteventil skal monterast i høgdebrekk på leidningsnettet slik at eventuell luftsamling blir fjerna. Det kan og vere aktuelt å ha ventil for å hindre vakuum i leidningsanlegget dvs. ventil der luft og kan sleppe inn. Slike ventilar er ikkje aktuelt for kummar utan skikkeleg drenering.
VA ansvarleg bestemmer kva for type ventil som skal brukast.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.