Krav til leidningsmateriell og døme på kravspesifikasjonar:
Desse VA/Miljø-blada, bortsett frå nr. 15 og 16, omhandlar både trykkrøyr og trykklause røyr. For samtlige blads vedkommende Det er den generelle teksten, samt krava til trykkrøyr, som gjeld for vassleidningar.
Kommunen avgjer val av leidningsmateriell.
Krav til plastrøyr av PE kvalitet
Ved bruk av PE-røyr , skal faren for forureina i grunnen vurderast. SDR verdi skal vere 11 eller lågare. Designfaktor (sikkerheitsfaktor) skal vere 1,6 med materialkvalitet PE 100 RC
SDR verdien er definert slik; Utvendig diameter/ veggtjukkelse . Jo mindre tal, jo sterkare blir røyret.
Ved bruk av PVC rør gjeld følgjande:
SDR verdi skal vere 21 eller lågare med design faktor (sikkerheitsfaktor) 2.5.
Krav duktile støypejernsrøyr
Duktile støypejernsrøyr skal vere i samsvar med C – klassene
( NS-EN 545 2010). Kva for C klasse som skal veljast, er avhengig av dimensjon:
Diameter 100 mm – 200 mm – C klasse 64
Diameter 250 mm – 400 mm – C klasse 50
Diameter 450 mm – 800 mm – C klasse 40
Korrosjonsbeskyttelse:
Innvendig korrosjonsbeskyttelse med belegg av HOZ sement skal brukast.
Utvendig belegg med Zinalium, 400 g/ m2 sink/aluminium (85/15 %) med dekklag av blå epoxy 250, eller 400 g/m² sink/aluminium (85/15 %) tilsatt kobber, med dekklag av Aquacoat (blå acryl (Lite og noko korrosivt miljø)
Ved fare for korrosivt/forureina vatn eller grunntilhøve skal følgjande korrosjonbeskyttelse nyttast;
Utføring av skøyter
Ved alle retningsendringar på leidningsanlegget skal alle skøytar vere strekkfaste.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.