5.12 Leidning i kurve

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.12 Leidning i kurve

Som hovedregel skal vassleidning leggast i rett linje mellom knekkpunkt, både horisontalt og vertikalt. Må vassleidningen leggjast i kurve, skal dette avtalast med VA-ansvarlig i kommunen. Leidningen skal då målast inn (x, y, z) kvar 10. meter. Avvinklinga skal ikkje vera større enn 50 % av det produsenten oppgjev som maksimum.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Høgbrekk på leidning mellom kummar blir normalt ikkje tillate. For å sikre rask utlufting av leidningsanlegg, må alle leidningar ha ei minimumsstiging på 10 promille mot lufteventil.

 

I område med lite fall kan kravet til minimumsstiging og lokale høgbrekk fråvikast/ reduserast etter avtale med VA ansvarleg i kommunen.

 

Lufteventil skal monterast i alle høgdebrekk.

 

Kor vidt det skal vere enkeltvirkande dvs. berre utlufting eller  dobbeltvirkande for å hindre vakum, skal godkjennast av VA ansvarleg.

 

Val av teknisk løysing skal godkjennast av VA-ansvarleg i kommunen