5.14 Vassverkskummar

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

Lokale vilkår
Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm (runde eller firkanta kummar).  Mindre dimensjonar på kummen skal avklarast med VA-ansvarleg i kommunen.

 

Kumloket skal vere isolert og ha farga pakning, rød farge for vasskummar med brannventil og blå for vasskummar utan brannventil.

 

I utgangspunktet skal all armatur i kummar med brannvatn  kunne betenast frå bakkenivå. Det skal brukast flat lokk med sentrisk hol som er plassert over armaturen i kummen, jf. teikning A 7

 

For kummar utan uttak av brannvatn og som er djupare enn 1,5 meter, skal det nyttast  eksentrisk hol plassert over stige.

 

For kummar med berre ventilkryss og ventil T, skal det brukast kummar med kjegle. I slike kummar skal det vere fastmontert stige.

 

For vasskummar med utstyr som treng regelmessig vedlikehald slik som vassmålar, reduksjonsventilar etc. skal det vere flatt lokk med eksentrisk hol plassert over stige. Ei mogleg utføring er synt på teikning A 8 Djup Vasskum.

 

Alle endeleidninger skal ha høve til utspyling.  Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.  Vidare skal det vere tilrettelagt for desinfeksjon av leidningsanlegg ved at servicepunkt med stuss er montert like utanfor alle ventilar jf. VA Miljøblad nr 39.

 

Vassverkskummar skal plasserast på ein slik måte at dei let seg drenere(kummen skal vere tørr). Dersom dei ikkje let seg drenere, skal dei vere utan dreneringshull (tett), eventuelt dreneringsrøyr over grunnvasstand. Andre løysingar skal avklarast med VA ansvarleg i kommunen. Det skal brukast ekspansjonsfuge i overgangen mellom botn og vegger i kummen for å sikre at han er tett.

 

Reduksjons- og målekummar skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.

 

For  Sunnfjord kommune gjeld spesielt

 

Det skal vere minimum 250 mm grusmasse (underbygning) frå kumkant og opp til underkant av asfaltdekke.

 

Det skal alltid monterast justeringsring av betong eller plast, med støttering av aluminium eller varmforsinka stål, men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm

 

 

For kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Solund, Stad, og Stryn gjeld følgjande

 

Det skal alltid monterast justeringsring, med låsering, men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm. Kummar i veg skal helst leggjast utanom hjulspor, minimum 1,5 meter frå vegkant.  Kumloka skal ha dempe/tette ring type HT.  Det skal vere minimum 200 mm grusmasse (underbygning) frå kumkant og opp til underkant av asfaltdekke.

 

For kommunane Gloppen, Stad og Stryn gjeld følgjande

 

Kumloka ha kommunal logo.

 

For kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Solund, Stad, Stryn og Sunnfjord gjeld følgjande

 

Det skal  brukast Floatring på nye anlegg i veg for å hindre oppsprekking av asfalten rundt kummen.  

 

For Solund kommune gjeld spesielt

 

Kravet til fargemerking av kumloka går ut.