5.5 Styrke og overdekking

For: Fjaler kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.5 Styrke og overdekking

Trykkleidningar skal ikkje utsetjast for høgare innvendig trykk enn nominelt trykk, PN. Trykkstøyt skal ikkje overskrida nominelt trykk. Leidningane skal ikkje utsetjast for undertrykk.

Kommunale vassleidningar skal normalt leggjast med ei overdekking på mellom 1,5 og 2,5 m under ferdig opparbeida veg/terreng. Ved legging av kommunal vassleidning grunnare enn 1,5 m eller djupare enn 2,5 m, skal det hentast løyve frå VA-ansvarlig i kommunen.

Sjå:

  • VA/Miljø-blad nr. 10, 11, 12, 13, 14, 15 og 16, avsnitt om styrke og overdekning.
  • NS-EN 1295-1, Styrkeberegning av nedgravde rørledninger under forskjellige belastningsforhold.

Leggedjupne må vurderast i høve til frostdjupne på den enkelte staden.

Lokal bestemmelse for Sunnfjord, Fjaler og Solund

For kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Stad og Sunnfjord gjeld følgjande

 

Vanleg overdekking er minimum 1,5 meter.  I område over kote 350, skal overdekkinga minimum vere 1,8 meter.

 

For Solund  kommune gjeld følgjande:

 

Utanom veg: 1,0 meter overdekking

I veg:             1,2 meter overdekking

 

For kommunane Gloppen og Stryn gjeld følgjande:

 

1,8 meter overdekking